Actis – Rusfeltets samarbeidsorgan er ein paraplyorganisasjon på rusfeltet med 38 medlemmar. Me jobbar for å førebygge og redusere skadane knytt til alkohol, narkotika og pengespel.
Personar med rusavhengigheit som utsett gruppe
Personar med rusavhengigheit er ei av dei mest valdsutsette gruppene i Noreg, og sommaren 2024 har det blitt rapportert om auka vald og uro særleg i rusmiljøet i Oslo på grunn av auka bruk av crack. Det som særpregar valdsutsette rusavhengige er at dei ofte har ei dobbelt avhengigheit, både avhengigheit til rusmiddel, men òg til at valdsutøver forsyner dei med desse rusmidla.
Det finst lite heilskapleg statistikk om gruppa, men undersøkingar frå både Sverige, Bergen og Oslo viser at prosentdelen i rusmiljøet som er valdsutsette er høg.
I den svenske undersøkinga kom det fram at 40 prosent av alle i tverrfagleg spesialisert rusbehandling hadde opplevd å bli tatt strupetak på. Fire av ti hadde vore på legevakta på grunn av skadene og ein av tre havna på sjukehus.
Ei undersøking frå Bergen viser at 77 prosent av kvinnene og 71 prosent av mennene i rusmiljøet i byen hadde blitt utsette for vald. Undersøkingar frå Thereses hus i Oslo viser at så mange som 90 prosent hadde blitt utsette for vald i løpet av livet og 50 prosent den siste veka. Vald er dessverre ein normalisert del av rusmiljøet, og derfor er det òg ei utfordring å få den valdsutsette til å sjå på seg sjølv om som eit valdsoffer som har behov for vern.
Trass i det store omfanget av vald, er personar med kjent rusproblematikk den gruppa som oftast blir avvist ved norske krisesenter, og talet på krisesenter som seier nei til å ta imot personar med kjent rusproblematikk går opp. I 2022 var det tre krisesenter for kvinner og sju for menn som sa nei. For kvinner gjekk talet opp til fem i 2023 medan talet for menn var stabilt på sju. Samstundes har talet på krisesenter som tar imot utan atterhald gått ned frå 12 i 2021 til 9 i 2023 for kvinner og frå 9 i 2022 til 7 i 2023 for menn. Resten vurderer i kvart enkelt tilfelle.
At talet på krisesenter som tar i mot går ned, viser at det ikkje har lukkast å gi utsette grupper, og særleg ikkje personar med rusproblematikk, betre tilgang til krisesenter. Dette er eit problem revideringa av Krisesenterlova må løyse, men me kan ikkje sjå at forslaget til lov løyser dette.
Fjern ordlyden «så langt råd er»
Eit av dei store problema i dag er at kommunane har for stort handlingsrom etter lova og at økonomien i den enkelt kommune kan bestemme kor god tilgang utsette grupper har til krisesenter.
Både Norsk institusjon for menneskerettigheter (NIM) og Varde og Hartmark påpeiker at det er ordlyden «så langt råd er» som bidreg til dette. Actis meiner derfor desse orda burde strykast i ny lov slik at det i §3 første ledd står «Kommunen skal sørgje for at tilbodet blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte».
Actis meiner det er viktig at departementet legg til at «Viss tilrettelegging ikkje er mogleg, skal kommunen sørgje for likeverdige alternative butilbod for brukarar som ikkje kan nytte butilbodet ved krisesenteret» for å vise at alle har rett på eit tilbod. Samstundes fryktar me at ordlyden opnar opp for fleire alternative akuttilbod utan kompetanse på vald i staden for at det gis insentiv til å opprette krisesenterplassar for utsette grupper. Derfor må det presiserast i forskrift eller rettleiar til krisesenterlova at førsteprioritet skal vere at alle skal ha eit krisesentertilbod kor dei får vern mot vald, og bevillingane over statsbudsjettet må gi kommunane nok økonomisk handlingsrom til å opprette krisesentertilbod for utsette grupper.
Det er forståeleg at ikkje alle kommunar kan tilby eit eige krisesenter for alle grupper, og derfor bør det kome insentiv til å inngå interkommunale samarbeid om krisesenter for utsette grupper. Sjølv om sentralisering ikkje nødvendigvis er ønska på grunn av reiseveg, meiner Actis at regjeringa bør sjå på meir spesialiserte og sentraliserte krisesenter for personar med kjent rusproblematikk, men at heimkommunen må stille med transport til krisesentertilbodet.
På den måten kan den økonomiske byrden knytt til eigne, meir spesialiserte krisesenter delast mellom kommunane, men alle med rusproblem får eit tilbod om krisesenter uansett kor i landet dei bur.
For mange med kjent rusproblematikk vil det vere få alternative tilbod som er likeverdige. Til dømes er dei færraste plassane i rusomsorga kjønnsdelte, noko som kan vere heilt nødvendig for valdsutsette kvinner for å kjenne seg trygge. Valdsutsette personar med rusavhengigheit må få døgnbemanna, og kjønnsdelte butilbod med kompetanse på vald. Det er ikkje nødvendigvis fleire slike tilbod i kommune-Norge enn krisesenter.
Fysisk skilde tilbod for menn og kvinner
Actis meiner formuleringa om at tilbod til menn og kvinner skal vere fysisk skilde, slik det er i dagens krisesenterlov.
Rusmiljøet er eit svært mannsdominert miljø og kvinner er i mindretal. Dette gjer òg kvinner svært utsette for vald. Øystien Bruun Ericson skildrar i masteroppgåva si korleis rusmiljøet både speglar og forsterkar storsamfunnet i synet på kjønn og at dette spesielt går utover kvinner. Derfor trur me at kjønnsdelte tilbod vil vere ekstra viktig for kvinner og bidra til at dei får ei kjensle av tryggleik som dei ikkje hadde fått elles.
Samstundes blir òg menn i rusmiljøet utsette for vald, og derfor trengst det fleire krisesenter for menn i aktiv rus enn det finst i dag, til dømes i Oslo.
Actis meiner det er avgjerande at begge kjønn får krisesentertilbod, men at desse tilboda er avskilte frå kvarandre. Me vil òg peike på at Stortinget så seint som mai i år oppmoda regjeringa om å legge til rette for fleire kjønnsdelte behandlingstilbod for personar med rusavhengigheit, nettopp grunngjeve i behovet for tryggleik for dei som oppsøker tilbodet.
Definisjon av nære relasjonar
Actis har fleire gonger fått tilbakemelding på at «nære relasjonar» blir tolka for snevert og kan gjere det vanskeleg for personar i rusavhengigheit å oppsøke krisesenter.
Som Maria Therese Haug er inne på i si masteroppgåve om valdsutsette menn i rusmiljøet, blir «nære relasjonar» i dag tolka ut frå kva som er nære relasjonar i ein tradisjonell familie. Dermed passar ikkje gatefamiliediskursen inn i Krisesenterlova sin definisjon, og vald utført av vener, kjente eller andre i rusmiljøet gir dermed ikkje automatisk rett til vern, dette trass i at «Gatefamilie og nære relasjoner i rusmiljøet kan ha mange av de samme verdiene som man forbinder med familie og nære relasjoner ellers i samfunnet. Tillit, gjengjeldelse av tjenester, tilhørighet, å «backe» hverandre, arbeide og bo sammen som er alle verdier som kan være til stede i disse familiediskursene.»[1]
Derfor er Actis usamde når Barne- og familiedepartementet skriv at «begrepet «nære relasjonar» femner vidt». Grunngjevinga departementet gjer for at vald i nære relasjonar har større konsekvensar enn vald utført av ein utkjent person, gjelder òg i rusmiljøet. Rusmiljøet er i Noreg er relativt lite, og dermed kan vald òg frå ein ukjent person bidra til utøving av kontroll og vere djuptgripande, slik departementet skriv, utan at det fell innanfor definisjonen i Straffelova § 219. Actis vil derfor be om ein breidare definisjon av «nære relasjonar» som er tilpassa fleire grupper.
Moglegheit for å bruke rusmiddel på krisesenteret
Ein av grunnane til at personar i aktiv rus treng fysisk skilte tilbod eller eigne krisesenter, er at mange av dei har behov for å ruse seg òg på krisesenteret. Dette vil kunne skape utryggleik for andre bebuarar på krisesenter.
Rusfridom kan ikkje vere eit kriterium for å få vern mot vald. Krisesenter skal vere eit lågterskeltilbod, og dermed må det òg til ein viss grad aksepterast at valdsutsette menn og kvinner får behovet for å ruse seg møtt òg på krisesenter.
I § 2 er det føreslått lagt til: «Tilbodet skal gi brukarane støtte, rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet. Tilbodet skal òg omfatte samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, jf. § 4». Actis støttar dette og meiner dette òg må innebere moglegheit for å få LAR på krisesenter eller utdeling av reint brukarutstyr. Dette kan gjerne kome fram i rettleiar til ny krisesenterlov.
Samarbeid med ideelle aktørar
I rettleiinga i til ny krisesenterlov må det oppfordrast til å samarbeide med ideelle aktørar om krisesenter til personar med ruslidingar. Mange ideelle aktørar har god kjennskap til gruppa og har lågterskeltilbod fleire stader som blir brukt av personar i aktiv rus. Ved å gi støtte til at desse aktørane kan drive krisesentertilbod for personar i aktiv rus, kan det bygge tillit og senke terskelen for å oppsøke krisesenter. Det vil bidra til eit meir heilskapleg tilbod og gjere det enklare å koordinere krisesentertilbodet med andre hjelpetilbod innan rusomsorga og dermed tilrettelegge for den samhandlinga som Krisesenterlova legg opp til. Det føreset gode og føreseielege rammevilkår for ideelle og tilstrekkeleg finansiering av tilbodet.